Barne og Familiedag i Valborgkleiva

Arrangementsinformasjon

Sommarettermiddag i Valborgkleiva 15! Det blir moglegheit for å lure til seg ein enkel middag denne dagen, då det blir seld pølse med brød, mens det blir både eventyr, song og gitar, rim og regler for både små og store.
Nokre av Valborgkleiva sine unge, lovande born sett istand kiosk til eigen inntekt og sel kake, saft og kaffe.
Arrangementet blir ute, ta med deg eigen stol/teppe om ønskeleg.

Hanne Oftedal tek utgangspunkt underjordiske og overjordiske vesener, huldra, tusser og troll , sagn om St.Peter og andre når ho møter born og foreldre, besteforeldre onklar og tanter med eit knippe forteljingar, eventyr, songar rim og regler. Framsyninga passar for born frå tre år og oppover. For å krydre det heile med song og bornetilpassa underhaldning har ho med seg Malin Alander. Malin er Distriktsmusikar med høgskuleutdanning innen klassisk folkemusikk, og har seinest denne våren spelt inn ei barneforestilling til bruk i skule og barnehagar.
Torbjørn Gran og Anita Teigen byr på stemningslåtar med gitar og song.

Arrangementet arrangeres i henhald til smittevernreglane frå helsedirektoratet.
Billettsal blir på førehand via Ticketco, eller med bankkort ved inngong. Max 100 plassar.

Arrangementet er ein del av "Kultur til folket"-prosjektet som omfattar fleire arrangement rundt om i Gloppen Kommune sommaren 2020.
For dei som ynskjer å gje ein "spleis"-sum på billetten er det selvfølgeleg velkomment til eit lavterskeltilbod for å få Kultur til Folket!