Breimsmusikken på bdhuset - kultur og selskap

Arrangementsinformasjon

Fredag 23. juli blir det konsert på bdhuset - kultur og selskap på Breim.

Breimsmusikken er ei gruppe frå Breim Spelemannslag. Deltakarane kan variere frå gong til gong, men instrumentgruppa består av strykeinstrument og trekkspel. Repertoaret er for det meste lokal musikk gjerne i nye arrangement. Dei som vert med på konserten i Bdhuset fredag 23. juli er Simona Fraas Johnsen, fele/bratsj, Henrik Silferhielm, fele/bratsj/cello, Helene Myklemyr, trekkspel, Kjell Thue og John Oddvar Kandal,fele.
Det blir enkel servering av kaker, kaffe/te.