Sommarkonsert i hotellhagen på Gloppen Hotell

Arrangementsinformasjon

Gloppen hotell og Kultur til Folket presenterer ein konsertserie på tre sommarkonsertar i hotellhagen denne sommaren!
Fyrst ute er Håvard Husevåg og Ole Preben Fuglestrand. 
Håvard E. Husevåg held for tida til i Kristiansand der han studerer utøvande musikk og pedagogikk på Konservatoriet ved UiA. I tillegg til studia, skriv han også eigen musikk som både er til for å nå heilt inn i hjartet og heilt ut på dansegolvet. Det blir prat om alskens problemer ein ung mann i 20 åra kan støte på, gode svar på særs unødvendige filosofiske spørsmål, og dårlige svar på gode.
Ole Preben Fuglestrand skriv låtane sine heime i Kandalen, kor han og spelar med blues/rockbandet The Cold Birds. Denne kvelden får vi presentert fleire av hans eigne låtar i ein skjør presentasjon med gitar og vokal.

Konsertstart kl. 21.00. Hotellet tilbyr servering under konserten, og har middagskjøkenet klart for dei som ynskjer å ta ein heilaften i hagen. 
Ved dårleg vær blir konserten flytta inn.

Arrangementet arrangeres i henhald til smittevernreglane frå helsedirektoratet.

Billettsal blir på førehand via Ticketco, eller med bankkort ved inngong.

Arrangementet er ein del av "Kultur til folket"-prosjektet som omfattar fleire arrangement rundt om i Gloppen Kommune sommaren 2020.

For dei som ynskjer å gje ein "spleis"-sum på billetten er det selvfølgeleg velkomment til et lavterskeltilbod for å få Kultur til Folket!