Sommarkonsert i hotellhagen på Gloppen Hotell 6. august

Arrangementsinformasjon

Gloppen hotell og Kultur til Folket presenterer ein konsertserie på tre sommarkonsertar i hotellhagen denne sommaren!
Denne kvelden er det SISSEL MARIE med gitarist Tore hovde som skal sette stemningen i hagen.

Vokalisten og låtskrivaren Sissel Marie Frøyland går under artistnamnet «Sissel Marie» og lagar frisk visepop på vestlandsdialekt. Med eit akkustisk og organisk lydbilete lagar ho musikk på ein fengande og behagelig måte. 14.februar 2020 ga Sissel Marie ut debutalbumet «Når tida e inne» beståande av 11 sjølvskrivne låtar på klingande varm vestlandsdialekt. Albumet blei utgitt på plateselskapet Apollon Records i Bergen, og er blitt svært godt motteke. Albumet kan høyrast her: https://orcd.co/elmvo0v

30 åringen kjem opprinneleg frå Stryn i Sogn og Fjordane, men bur for tida på Sandane i Gloppen. Ho er aktiv i musikkmiljøa på Vestlandet og i Oslo.

Gjennom ærlige og personlige tekstar skapar Sissel Marie ei spenning mellom dei trygge og utrygge aspekta ved livet. Ho setter ord på kjensler knytta til kampen om å finne fram og holde ut når livet utfordrar på ulike vis. Ho ynskjer at musikken skal henge igjen i lufta, skape ettertanke og sette spor i hjartet. Sissel Marie ga i forkant ut tre singlar fra albumet som har skapt stor begeistring, og fått speletid på NRK P1 og andre norske radiostasjonar. Sissel Marie var nominert til Luttprisen 2019 som årets nykommar.

For anledninga har Sissel Marie med seg gitaristen Tore Hovde, og sammen vil dere spele låtar fra debutalbumet hennar i eit meir akustisk format. (Foto: Camilla Monsen)

Konsertstart kl. 21.00. Hotellet tilbyr servering under konserten, og har middagskjøkenet klart for dei som ynskjer å ta ein heilaften i hagen. 
Ved dårleg vær blir konserten flytta inn.

Arrangementet arrangeres i henhald til smittevernreglane frå helsedirektoratet.

Billettsal blir på førehand via Ticketco, eller med bankkort ved inngong.

Arrangementet er ein del av "Kultur til folket"-prosjektet som omfattar fleire arrangement rundt om i Gloppen Kommune sommaren 2020.

For dei som ynskjer å gje ein "spleis"-sum på billetten er det selvfølgeleg velkomment til et lavterskeltilbod for å få Kultur til Folket!