Konsertkveld på Sølvane Gard

Arrangementsinformasjon

Tre frammadstormande artisttilskot i Gloppen sitt mangfaldige kulturliv held denne kvelden konsert på Sølvane Gard.
Ørjan Rygg har hatt eit fantastisk år på scena som musikar i forskjellege oppsettingar i Trivselshagen for Firda vidaregåande skule. Gjennombruddet kom kanskje når han spelte på Sølvane gard sin livestream tidlig i koronaperioden. Denne kvelden presenterar han coverlåtar frå artistar han sjølv liker.
Håvard E. Husevåg held for tida til i Kristiansand der han studerer utøvande musikk og pedagogikk på Konservatoriet ved UiA. I tillegg til studia, skriv han også eigen musikk som både er til for å nå heilt inn i hjartet og heilt ut på dansegolvet. Det blir prat om alskens problemer ein ung mann i 20 åra kan støte på, gode svar på særs unødvendige filosofiske spørsmål, og dårlige svar på gode.
Bjarne Iestra er busatt i Gloppen og er musikklærar på Sandane. Bjarne blander melodiske saxofon frasar samman med nokre drops frå platesamlinga og litt elektronikk. Ut av dette kjem ei improvisert blanding av Hiphop, Ambient og Jazz.

Dørene opnar kl. 20.00
Konsertstart kl. 21.00
Open bar til kl. 02.00 med alle serveringsrettigheitar.

Arrangementet arrangeres i henhald til smittevernreglane frå helsedirektoratet. 
Billettsal blir på førehand via Ticketco, eller med bankkort ved inngong. 

Arrangementet er ein del av "Kultur til folket"-prosjektet som omfattar flerie arrangement rundt om i Gloppen Kommune sommaren 2020, og er tilrettelagt for å halde billettprisane så lave at alle skal ha moglegheit for å delta! For dei som ynskjer å gje ein "spleis"-sum på billetten er det selvfølgeleg velkomment til et lavterskeltilbod for å få Kultur til Folket!